Hei!

Eg er Elise, og eg lærer nybegynnerar å bake med surdeig!

Mi surdeigsreise starta i 2009, og i begynnelsen fikk eg det ikkje til! Eg laga ein surdeigsstartar og det stoppa med det. Den endte eg opp med å tømme i vasken og forbanne heile greia. Men sidan eg hadde lese så mykje bra om surdeig, endte eg med å prøve ein gong til. Og då gjekk det heldigvis bedre! 

Den surdeigsstartaren har eg fortsatt! Surdeigsstartaren min har eg gitt navnet Reidar, og han er ein kar som er enkel å glede!

Lag din eigen surdeigsstartar du også!

I tillegg til å lære deg å bake med surdeig, er eg mamma til to og gift. Eg er utdanna sjukepleiar, men driv no tømrarfirma saman med mannen. Døgnet har sjeldent nok timar, og eg øver meg kvar dag på å ta kvile. Eg elskar å gå i fjellet og er ein skikkelig bevegelsesnerd, så vi har kettlebells og klatrestativ i stua. 

Om du vil lese meir om bevegelse, mat,  kvardagsliv og surdeig - følg meg på Instagram!

Følg meg på Instagram!