Frøknekkebrød med surdeig Mar 31, 2025

Frøknekkebrød med surdeig

Oppskrifta er nok til to steikebrett.

500 gram overskuddsstarter
250 gram vann
250 gram lettkokte havregryn
50 gram sammalt hvetemel
100 gram gresskarkjerner
100 gram solsikkekjerner
100 gram sesamfrø
100 gram linfrø
10 gram salt
1 ts bakepulver
1 ts natron

Du treng ikkje alle typar frø, du kan bytte ut om det er nokon du ikkje har eller likar. Men bruk 400 gram frø totalt.

Om surdeigsstartaren din er fast vil røra blir fast, tilsett meir vatn slik at den blir lettare å smøre...

Les meir...
Verdas enklaste surdeigsbrød 52 veker med surdeig surdeig Mar 26, 2025

Denne oppskrifta har vore med meg i mange år, og det er ein god grunn til det - det er verdas enklaste oppskrift på surdeigsbrød!

Oppskrift (2 brød i form):

800 gram vatn
200 gram bakeklar surdeigsstartar
30 gram salt
100 gram lettkokte havregryn
200 gram sammalt kveite finmalt
700 gram sikta kveitemjøl

Bland alt i ein bakebolle og la det heve på kjøkkenbenken over natta (10-12 timar). Tøm så deigen over i to brødformer og etterhev i 1-2 timar før du steiker brød i formvarma omn på 200 grader i ein ...

Les meir...
Bananbrød med surdeig Mar 17, 2025

Denne kan du glede deg til å smake! 

Oppskrift: 

350 gram banan (ca to store bananar) og ein halv ekstra banan til pynt på toppen
2 egg
150 gram smelta smør
150 gram overskuddsstartar
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
1 ts natron
300 gram sikta kveitemjøl
100 gram kvitt sukker
50 gram brun farin
Ei klype salt

Valgfritt: 200 gram hakka sjokoladebitar

Slik gjer du:
Sett omnen på 180 grader over og undervarme.
1. Mos bananane og tilsett samanpiska egg, overskuddsstartar og smelta smør. Tilsett sjokoladeb...

Les meir...
Enkle chiabatta med surdeig 52 veker med surdeig chiabatta surdeig Mar 10, 2025

Desse er perfekte å steike ein helgemorgon og nyte nystekte til frokost! Eller til sandwich, suppe eller når som helst!

800 gram kaldt vatn
200 gram bakeklar surdeigsstartar
1000 gram sikta kveitemjøl
25 gram kverna havsalt

Slik gjer du;
1. Bland vatn, surdeigsstartar og sikta kveitemjøl. Vent i 30 minutt. Deigen skal stå på benken til du er ferdig med strekk og brett.
2. Klem salt inn i deigen, vent i 30 minutt.
3. Strekk og brett deigen kvar 30. minutt x 8.
4. Sett deigen kaldt og la den stå der i 12...

Les meir...
Tynne pannekaker med surdeig 52 veker med surdeig overskuddsstarter surdeig surdeigsstarter Mar 03, 2025

Fleire av følgarane min på Instagram har spurt etter oppskrift på tynne pannekaker med surdeig, og sidan det er pannekakedagen 4. mars passar det bra med oppskrift på det no!

Oppskrift på tynne pannekaker med surdeig:
400 gram sikta kveitemjøl
1 ts salt
1 liter heilmelk
200 gram overskuddsstartar
6 egg
100 gram smelta smør

Smelt smør. Ha det tørre i ein bolle og tilsett halvparten av melka, rør til ei klumpfri røre. Ha så i resten av melka, sammenpiska egg og det smelta smøret. La røra svelle i 20 min...

Les meir...
Surdeigsbollar Feb 24, 2025

Denne bolleoppskrifta har vore med meg i fleire år, og det er fortsatt den eg tyr til når det skal bakast rosinbollar, kanelsnurrar eller skulebollar her i huset. Oppskrifta gir ca 24 bollar.

1 liter kald heilmelk (ca 1050 gram)
100 gram bakeklar surdeigsstartar
1 egg 
3 ts knuste kardemommekjerner
100 gram sukker
1400 gram sikta kveitemjøl
200 gram romtemperert smør i terningar

Anbefalar å bruke kjøkkenmaskin til denne oppskrifta, for bollane blir best om du får elta ei god stund. 

Ha melk, surdeigs...

Les meir...
Ostekjeks med surdeig 52 veker med surdeig overskuddsstarter surdeig surdeigsstarter Feb 17, 2025

Kan berre sei; lag dobbelt porsjon med ein gong. FOR DESSE GÅR UNNA!

Skikkelig digg ostekjeks med overskuddsstarter

150 gram hvetemel
40 gram kaldt smør i terninger
1 ts bakepulver
1 ts natron
1 ts salt
150 gram overskuddsstarter
2 egg
300 gram raspet ost; jeg brukte en blanding av Norvegia og Cheddar

Eventuelt krydder eller urter etter ønske!

Du kan gjerne blande alt i ei kjøkkenmaskin, då deigen blir veldig fast.

Ta først i det tørre og smuldre i smøret, bland i surdeigsstartar, egg og ost til slutt.

E...

Les meir...
Surdeigsfoccacia Feb 10, 2025

Foccacia passar til ALT! Til sandwich, til salat og suppe. Det er ein stor favoritt her i hus, og vi har det ofte til suppeonsdag (ja, vi har suppe kvar onsdag for å gjere det enklare for den som lagar middag - les meg!)

Foccacia

400 gram vatn
500 gram sikta kveite eller 250 gram sikta kveite og 250 gram tipo 00
Rør vatn og mjøl saman, la deigen kvile (autolyse) i 30 minutt. 

Tilsett 100 gram bakeklar surdeigsstartar og brett det inn i deigen. Vent 30 minutt.
Tilsett 10 gram havsalt og brett det...

Les meir...
Sjokoladecookies med surdeig 52 veker med surdeig overskuddsstarter surdeig Feb 03, 2025

Desse sjokoladekjeksa fekk bein og gå på her i huset! Så eg må nok snart lage ein ny porsjon.

Oppskrifta er til 12 store eller 25 små cookies

250 gram smør, romtemperert
250 gram brunt sukker
150 gram kvitt sukker
1 egg
100 gram overskuddsstartar
1 ts vaniljeekstrakt
1 ts natron
1 ts bakepulver
Ei klype flaksalt
450 gram sikta kveite
200 gram hakka sjokolade eller bakesjokolade

1. Pisk smør og sukker luftig
2. ha i egg og surdeigsstartar, samt vaniljeekstrakt
3. Ha i det tørre, men vend inn litt og litt
4...

Les meir...
Surdeigspizza Jan 27, 2025

Noko av det eg brukte lang tid for å få til var surdeigspizza. Men når eg endeleg knakk koden, då blei det mykje pizzabaking! No har vi digg surdeigspizza med sprø og luftig skorpe her i huset dei fleste laurdagar. 

Oppskrifta er veldig enkel, og det beste er at du kan lage den nokre dagar i forvegen og ha den på kjøl, så det er berre å bake ut, ha på digg fyll og steike i veg den dagen du skal ete den. 

Eg brukar å lage dobbelt eller trippel porsjon, og fryse ned slik at eg alltid har pizza i...

Les meir...
Granola med surdeig 52 veker med surdeig overskuddsstarter surdeig surdeigsstarter Jan 20, 2025

Kva er vel bedre enn knasande sprø granola med honning, nøtter og frø på yoghurten? Lite! Her får du oppskrift på granola med overskuddsstartar - perfekt for å få brukt opp surdeigsstartarrestane som står bakerst i kjøleskapet.

Granola med surdeig - stor porsjon, til to steikebrett

200 gram smelta smør
200 gram honning
300 gram overskuddsstarter
1 ts kanel (eventuelt anna krydder)
5 gram flaksalt
500 gram lettkokte havregryn
100 gram hakka hasselnøtter
100 gram hakka valnøtter
100 gram sesamfrø

Smelt s...

Les meir...
Surdeigstortillas 52 veker med surdeig overskuddsstarter surdeig surdeigsstarter Jan 13, 2025

Eg har lenge laga eigne tortillas til tacoen, men det er ikkje alltid niåringen min er så imponert over dei. Om eg lagar maistortillas av masa harina (eg har til og med kjøpt meg tortillapresse) er dei for små og når eg laga kveitetortillas har dei vore for små, vanskelig å brette eller rett og slett for stiv! Men denne oppskrifta må eg seie er skikkelig god - og godkjent av niåringen med ekstremt sterke tortillaspreferanser!

Her treng du ikkje bakeklar startar, det er berre å bruke overskuddss...

Les meir...
1 2

Last ned gratis oppskrift på surdeigsstartar her!

Kom i gong med surdeig i dag!